I denne praksisperioden har eg verkeleg fått prøvd meg ut som undervisar og lærar. Eg har hatt mange timar i forskjellige fag, noko eg syntes var interessant. I denne perioden, har eg verkeleg fått bekrefta at det er lærar eg vil bli. Denne perioden var eg spent på, eg skulle bruke den til å bli kjent med klassen min, øvingslærer og ikkje minst dei andre i praksisgruppa mi. Eg har blitt godt kjent med klassen, no kan eg alle namna deira og dessuten kjenner eg dei ganske godt. Etter tre veker i praksis, kan eg vel sei eg veit mykje om kvar og ein elev. Dette både med tanke på det faglige og på det sosiale plan.
Før denne perioden satt eg meg nokon mål. Dei har jobba for nå! I dette studieåret starta eg eit nytt samarbeid med ei ny praksisgruppa. Eg var svært fornøgd med den forrige gruppa eg var, derfor synast eg det var litt vedmodig når me blei splitta. Det er har lært er uansett at ein ikkje skal døma ting på forhand, alt bør gis ein sjanse, samarbeidet i den nye gruppa har nemleg fungerte bra. Me var alltid førebudd til all undervisning, me fordelte oppgåvene og hjalp kvarandre undervegs. Gruppa var flinke til å gi kvarandre tilbakemeldingar på kva som fungerte godt, og kva som kunne gjort på andre måtar. På denne måten blei eg tryggare når eg underviste. Målet var heila tida og forbetre meg sjølv og tenke på å få mest mulig ut av timane.
Når ein jobbar i praksis samarbeider ein både med kontaktlærarar, studentar og elevane rundt. Samarbeidet med kontaktlærerane synes eg har vært bra! Me får tilbakemeldingar om korleis timane går, og me har fått råd undervegs. Gruppa har også samarbeida både i planlegging og gjennomføring av timar! Det har vært positive innstillinger heile perioden. Dette hjalp oss til å vera motiverande for elevane, og eg følar me har klart og engasjert dei!
Når det gjelder arbeidsinnsatsen min føler den har vært jevnlig bra gjennom perioden. Med tanke på praksismappa og alle dokumentene som skal leveres inn, føler eg det har går ut over kor kreativ me lager timane. I staden for å bruke tid på å vera kreativ, går denne tida på dei forskjellige innleveringane. Eg føler eg har nytta tida mi godt til planlegging, dette har vist igjen i undervisninga. Eg har lært mykje denne perioden, og med tanke på at eg er student i 3. klassetrinnet har eg lært at ein alltid må vera godt forebudd. No tenker eg helst på dette med organisering av elevar og utstyr. Dette må eg forbedra til neste perioden. Eg har også lært mykje om elevane i klassen, og korleis det er å gå i 3. klassetrinnet. Praksis var kjempe spennende og eg gleder meg til å koma tilbake.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar